Fureidis (òg Freidis) er ein israelsk-arabisk by i Haifa distrikt i Israel. Han fekk lokal kommunestatus i 1952.

Namn Ein trur namnet kjem frå det arabiske firdawis, som tyder Edens hage, lånt frå det persiske paradis. Another Paradise Casts Out a Feisty Woman, By Talya Halkin, 2003, The Forward

Arkeologiske funn mini|Fureidis På 1800-talet vart tre graver hogd ut i berget undersøkt i Fureidis, kvar med fleire kokhim.Conder and Kitchener, 1882, pp. 52-53, noting that the 3rd grave was very similar to the one at Kh. Ibreitas, see SWP, II, p. 31

Ei grotte oppom den gamle delen av Fureidis på vestsida av Karmelberget hadde restar av grotter frå koparsteinalderen, inkludert store boller, krukker, beinhusrestar og ein lyserosa kalksteinsornament.Yannai, 2007, El-Fureidis

Det er òg funne keramikk og restane av ein akvedukt datert til romersk og bysantinsk tid.Spivak, 2008, El-Fureidis Region, Survey

Historie Seint i osmansk tid, i 1859, vart folketalet estimert til 200. I 1870 vitja den franske reisande Victor Guérin landsbyen. Han estimerte at det budde 140 menneske der, hovudsakleg gjetarar og tømmermenn, og somme dyrka òg jorda.Guérin, 1875, p. 305

I 1880-åra skildra The Survey of Western Palestine staden som ein landsby av adobestein og stein ved foten av åsen og med ein brunn i sør.Conder and Kitchener, 1882, SWP II, p.41. Fureidis er ein av få arabiske landsbyar på den palestinske kysten som vart verande intakt etter krigen i 1948. Under krigen tok byen i mot mange flyktningar frå nærliggande landsbyar, inkludert Tantura. Innbyggjarar i lokale jødiske busetnader, særleg Zichron Yaakov kravde at Fureidis (og nabolandsbyen Jisr az-Zarqa) ikkje skulle angripast, sidan dei tradisjonelt hadde eit godt forhold til Yishuv, og amnge innbyggjarar frå Fureidis arbeidde som innleigd arbeidskraft på jødiske gardar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fureidis» frå , den 7. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Morris, Benny (1994): "1948 and After." ISBN 0-19-827929-9. (Chapter 8, p. 257-289: The Case of Abu Ghosh and Beit Naqquba, Al Fureidis and Jisr Zarka in 1948 -or Why Four Villages Remained.) Oren, Eliran (2010): Horbat Tafat, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 122.

Spivak, Polina (2008): El-Fureidis Region, Survey Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 120. Torge, Hagit (2011): Horbat Tawwasim, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 123. Yannai, Eli (2007): El-Fureidis Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 119.

Bakgrunnsstoff Velkomen til Fureidis

Kategori:Lokale kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Haifa distrikt