Caloris-bassenget, òg kalla Caloris Planitia, er eit nedslagskrater på Merkur med ein diameter på kring 1 550 km, noko som gjer det til eit av dei største nedslagskratera i solsystemet. Det vart oppdaga på bilete tekne av Mariner 10 i 1974, men berre den austlege delen av bassenget var då i dagsljos. Fyrst i januar 2008 vart resten av bassenget fotografert av MESSENGER-sonden som då flaug forbi Merkur. mini|venstre|Mosaikk av Caloris-bassenget laga av bilete frå MESSENGER-banesonden Krateret er omgjeve av ringfjell som er kring 2 km høge. Kraterbotnen er fylt med lavasletter, liknande hava på månen. Utafor kraterveggane har stoff som vart kasta rundt av nedslaget skap konsentriske ringar kring krater, og strekkjer seg 1000 km utover.
Lekamen som skapte krateret må ha vore minst 100 km i diameter. Basert på bileta til sonden Messenger, er alderen på Caloris-bassenget mellom 3,8 og 3,9 milliardar år.
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Caloris Basin» frå , den 20. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Mercury's Caloris Basin, One of the Largest Impact Basins in the Solar System - heimesida til MESSENGER-prosjektet
Kategori:Nedslagskrater på Merkur