mini|Sandnesgauk i kommunevåpenet til Sandnes Sandnesgauk kan vera ei nemning på ein person som kjem frå Sandnes. Nemninga kjem frå ein type leirgauk som kan nyttast som eit leiketøy til å spela på. Sandnesgauken er attgjeve i kommunevåpenet til Sandnes. Ved tettstaden og byen Sandnes har det opp gjennom tidene vore mykje tegl- og kjeramikkproduksjon frå leir. Leirgaukar vart laga som eit lite musikkinstrument slik at ein kunne blåsa i dei og få fram ulike tonar. Ved å blåsa i ein Sandnesgauk kan ein laga tre forskjellige tonar, og gaukegalen er særskilt lett å få til. Leirgauken minner òg om ein fugl som står med hovudet under vengen. Slik kunne handelsfolk frå Sandnes få åtgaum for varene sine. Det første teglverket kom i Sandnes i 1783, og var då noko med den største industrielle verksemda på heile Vestlandet. Sjølv om keramikkverksemda ikkje pregar byen som før, er sandnesgauken eit varemerke for byen og kommunen.

Galleri

Bakgrunnsstoff Sandnes kommune om Sandnesgauken Utstillingen om næringsutvikling i Sandnes Jærmuseet Olavsrosa om Pottemaker Stein Em. Simonsen, som lagar sandnesgaukar

Kategori:Sandnes kommune Kategori:Leirfløyter