Jennifer Mae Simpson, fødd Barringer, () er ein USA-amerikansk mellomdistanse- og hinderløpar frå Webster City i delstaten Iowa. Ho vart verdsmeister på 1500 meter under VM i friidrett 2011 og tok sølvmedaljen på same distansen i verdsmeisterskapane 2013 og 2017. Og i Sommar-OL 2016 la ho beslag på bronsemedaljen på 1500 meter.
Aktiv Jennifer Barringer satsa på 3 000 meter hinder fram til 2009. Ho deltok i denne øvinga både under Sommar-OL 2008 og friidretts-VM 2009, i den sistnemnde tevlinga vart ho nummer fem med personleg rekord på 9.12,5. Etter å ha gått skadd i 2010-sesongen valde ho å prioritere 1500 meter.
Under verdsmeisterskapen i Daegu i 2011 spurta Jennifer Simpson til siger på 1500 m. Året etter lukkast ho ikkje å kvalifisere seg til 1500-metersfinalen under sommar-OL i London. Derimot sprang ho inn til VM-sølv på 1500 m under VM i fridrett 2013 i Moskva. I 2014-sesongen forbetra ho den personlege rekorden på 1500 m til 3.57,2 då ho vart nummer to i Diamond League-stemnet i franske Saint-Denis. Etter å ha sikra seg bronsemedaljen på distansen i eit luseløp under dei olympiske leikane i Rio de Jainero, fylgde ho Faith Kipyegon heilt til målstreken då friidretts-VM 2017 vart avvikla i London og vart løna med eit VM-sølv nummer 2.
mini|venstre|Jennifer Barringer i 2008 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Nr 9 i 3 000 m hinder - 9.22,2 VM 2009 i Berlin: Nr 5 i 3 000 m hinder - 9.12,5 VM 2011 i Daegu: Gullmedalje på 1500 m - 4.05,4, framom Hannah England (4.05,6) OL 2012 i London: Utslått i semifinalane på 1500 m (4.06,8 =nr 12) VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje på 1500 m - 4.02,9, bakom Abeba Aregawi (4.02,6) VM 2015 i Beijing: Nr 11 på 1500 m – 4.16,2 OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje på 1500 m – 4.10,5 VM 2017 i London: Sølvmedalje på 1500 m – 4.02,76, bakom Faith Kipyegon (4.02,59) VM 2019 i Doha: Nr 8 på 1500m – 3.58,4
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jennifer Simpson» frå , den 17. august 2015.
World Athletics
Kategori:Mellomdistanseløparar frå USA Kategori:Hinderløparar frå USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA