Daan de Lange () var ein nederlandsk-norsk musikar og sjakkspelar. Han vart noregsmeister i sjakk i 1960.Brekke 2014 s. 295 Han deltok på det norske laget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) i 1960, 1966, 1968 og 1970.Olimpbase, lesedato 28. august 2015

Daan de Lange var fødd og oppvaksen i Nederland, men flykta frå landet under den tyske invasjonen av Nederland i 1940. Han var krigsåra i England, der han mellom anna reiste rundt og spelte for amerikanske styrkar. Han kom til Noreg på midten av 1950-talet. Han bodde først i Stavanger og seinare på Hamar, der han mellom anna arbeidde som pianist.Brekke 2014 s. 164

Daan de Lange var i sine yngre år fotballproff i Ajax.

Kjelder

Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Denne artikkelen bygger på «Daan de Lange» frå , den 28. august 2015.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Daan de Lange sine parti hos chessgames.com

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar Kategori:Folk frå Hamar Kategori:Nederlendarar