Beit Arif (hebraisk skrift בֵּית עָרִיף, tyder Sky-huset) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Shoham og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 724.
Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar frå Bulgaria i ruinane etter den fråflytta arabiske landsbyen Dayr Tarif.Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.108, ISBN 965-220-186-3 (English) Han heitte opphavleg Ahlama (hebraisk skrift אחלמה) (Andre mosebok 28:19), etter ein av dei tolv steinane i Hoshen, den heilage brystplata som den jødiske høgstepresten hadde på seg. Tre andre nærliggande busetnader, Bareket, Shoham og Nofekh, er òg kalla opp etter desse steinane.
Tidleg i 1950-åra kom immigrantar frå Jemen til området, og bygde hus kring ein halv kilometer unna. Etter usemje mellom dei to gruppene, flytta dei opphavlege innbyggjarane til Ginaton (ein moshav som òg vart grunnlagd av bulgarske immigrantar) i 1953.Place Names in Israel. A Compendium of Place Names in Israel compiled from various sources. Omsett frå hebraisk, Jerusalem 1962 (Israel statsminister’s Office. The israelske Program for Scientific Translations) s.27-28 (Plasseringa til boka: Ben Zvi Institute Library, 12 Abarbanel St., Jerusalem; i nettkatalogen: )
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Arif» frå , den 1. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Bulgarsk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel