Amerikansk svartbjørn (Ursus americanus) er ein mellomstor bjørn som høyrer heime i Nord-Amerika. Arten er den minste på kontinentet, men den mest utbreidde. Bjørnen kan ha svart pels eller pelsfarge i ulike sjatteringar av brunt.
Svartbjørnen er ein altetar der kosten varierer mykje utifrå årstid og leveområde. Vanlegvis held svartbjørn til i skogsterreng, men kan forlate skogen om han er på jakt etter mat. Tidvis gjev svartbjørn seg til i busette område, sidan dei der kan ha enkel tilgang på føde. Amerikansk svartbjørn er den vanlegaste bjørnen på jordkloten.
mini|venstre|Sitjande amerikansk svartbjørn mini|venstre|Amerikansk svartbjørn Kjelder
Denne artikkelen bygger på «American black bear» frå , den 8. september 2015.
Kategori:Bjørnedyr Kategori:Pattedyr i Canada Kategori:Pattedyr i USA