Talmei Yaffe (hebraisk skrift תַּלְמֵי יָפֶה, tyder 'Yaffe-furene') er ein moshav shitufi sør i Israel. Han ligg nær Ashkelon og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 139 innbyggjarar.
Moshaven vart grunnlagd i 1950 som ein kibbutz av immigrantar frå Polen og Romania på landområdet til den fråflytta arabiske landsbyen Barbara, og vart kalla opp etter Leib Yaffe, generaldirektøren i Keren Hayesod som vart drepen i ei bilbombe i Jerusalem i 1948. I 1961 vart han omgjort til ein moshav shitufi.
I 2005 vart somme familiar evakuerte frå busetnaden i Gush Katif etter den israelske utrekninga frå Gaza, og busette seg i Talmei Yaffe.Exile i Israel, Jerusalem Post
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Talmei Yafeh» frå , den 10. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Tidlegare kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Polsk diaspora i Israel Kategori:Rumensk diaspora i Israel Kategori:1950 i Israel