Ahuzam eller Ahuzzam (hebraisk skrift אֲחֻזָּם) er ein moshav i Lakhish regionale kommune i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg kring 5 km sør for Kiryat Gat. Det bur 137 familiar i Ahuzam.

Ahuzam vart grunnlagd den 30. oktober 1950 av immigrantar frå Marokko, medlemmar av Ma'agalim-samfunnet. Han var tilknytt Hapoel HaMizrachi-rørsla, men er no eit blanda religiøs og sekulær samfunn.

Moshaven heitte opphavleg Ma'agalim, men fekk nytt namn etter den bibelske Ahuzam, son av Ashur, som grunnla Tekoa, og som kan ha budd i dette områdetSmith's bible dictionary (1 Krønikebok 4:6).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ahuzam» frå , den 11. september 2015.

Kategori:Moshavar Kategori:Lakhish regionale kommune Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel