Bitha (hebraisk skrift בִּטְחָה, tyder Ro) er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev nær Ofakim og høyrer til Merhavim regionale kommune. I 2006 hadde han 675 innbyggjarar.
Moshaven vart grunnlagd i 1950 som ein ma'abara kalla Hakam Ha-107 (tyder Den 107. kilometeren) etter kilometermerka langs Beersheba-Gaza-vegen, som synte at det var 107 kilometer til Jerusalem. Han vart sidan omgjort til ein moshav av immigrantar frå Jemen og namngjeven Bitha frå Jesaja 30:15; For så seier Herren Gud, Israels Heilage: «Vender de om og held dykk i ro, skal de bli frelste. I stille og tillit skal dykkar styrke vera.» Men de ville ikkje.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bitha» frå , den 11. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Jemenittisk diaspora i Israel Kategori:1950 i Israel