Eshel HaNasi (hebraisk skrift אֵשֶׁל הַנָּשִׂיא, tyder Presidentens tamarisk) er ein fellesbusetnad og ungdomslandsby sør i Israel. Han ligg mellom Beersheba og Ofakim og høyrer til Merhavim regionale kommune. I 2006 hadde han 289 innbyggjarar.

Det vart grunnlagd ein skule på staden i 1951, og denne tok namn frå tamarisktrea som voks i regionen, og frå tittelen til presidentar i Israel, til ære for den første presidenten, Chaim Weizmann.

Året etter vart det starta ein jordbruksskule og det vart grunnlagd ein ungdomslandsby på staden, med namn frå den første skulen. I dag er dette ein kostskule og vidaregåande skule med kring 1 500 elevar frå 7. til 12. klasse.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eshel HaNasi» frå , den 11. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Ungdomslandsbyar i Israel Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1952 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1952 i Israel