Negba (hebraisk skrift נֶגְבָּה) er ein kibbutz nord i Negev i Israel.Less equality, more freedom and kibbutz Negba's prodigal sons return Han ligg nær byane Kiryat Malakhi og Ashkelon og høyrer til Yoav regionale kommune. Kibbutzen has 768 innbyggjarar og dekkjer 12 000 mål.

Namnet på kibbutzen er basert på eit vers i Første Mosebok (13:14), der Gud kommanderer Abraham reise gjennom Israels land, mot nord, sør, aust og vest. Ordet «negba» tyder «sørover».

Slaget ved Negba i 1948 mini|venstre|Meztudat Yoav, den tidlegare politistasjonen Negba kibbutz vart grunnlagd den 12. juli 1939 som ein tårn og palisade-busetjing. Dei første nybyggjarane var medlemmar av Hashomer Hatzair frå Polen. Han var den sørlegaste jødiske busetnaden i Palestinamandatet.

I den arabisk-israelske krigen i 1948 invaderte egyptarane området den 15. mai 1948, og styrkane deira kapra ein politistasjon i området, Iraq-Suweidan, eit Tegart-fort kalla opp etter den nærliggande arabiske landsbyen, som kontrollerte vegen til Negev. Utanom politistasjonen tok egyptarane arabiske landsbyar nær kibbutzen, og frå her gjekk dei til åtak på jødiske kjøretøy som køyrde på vegane frå Ashkelon til Hebron og Jerusalem.

Kibbutzen vart øydelagd i kraftige kampar som pågjekk i tre månader. Den 9. november 1948, etter den egyptiske hæren hæren leid nederlag i Operasjon Yoav, vart politistasjonen erobra av Det israelske forsvaret.

Eit minnesmerke over dei falne soldatane vart sett opp like ved krigsgravplassen. Dette syner ein mann og ei kvinne frå kibbutzen med ein kjempande soldat. Like ved minnesmerke står ei egyptisk stridsvogn. Vasstårnet til kibbutzen, full i kulehol, står der som eit minne om dei harde kampane.Negba museum

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Negba» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1939 Kategori:1939 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel