Netiv HaGdud (hebraisk skrift נְתִיב הַגְּדוּד, tyder Bataljonvegen) er ein moshav og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Jordandalen, kring tjue kilometer nord for Jeriko og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. I 2012 hadde han 162 innbyggjarar.

Busetjinga vart grunnlagd i april 1975 av medlemmar som hadde førebudd seg i Ma'ale Efraim, og vart kalla opp etter den 38. bataljonen i den jødiske legionen, som kjempa i Jordandalen under fyrste verdskrigen. I mai 1977 vart han flytta til den noverande staden.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Netiv HaGdud» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Arkeologiske stader i Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1975 Kategori:1975 i Vestbreidda