Salomobassenga (arabisk بركة السلطان سليمان القانوني, Birkat as-Sultan Suleiman al-Kanuni; hebraisk skrift בריכות שלמה, Breichot Shlomo) ligg sør på det sentrale Vestbreidda, like sør for den palestinske landsbyen al-Khader og kring 5 km sørvest for Betlehem.

Skildring mini|venstre|Det nedre bassenget i 2013 mini|venstre|Inne i ei romersk akvedukt frå Salomobassenga til Jerusalem. Bassenga består av tre opne cisterner, kvar rettlinja basseng med eit 6 meter fall til det neste. Dei får vatn frå ei undergrunnskjelde. Kvart basseng er over 100 meter langt, 65 meter breie og 10 meter djupe og har ein samla vasskapasitet på 200 millionar liter. Bassenga har derfor spelt ei viktig rolle for vassforsyninga i området i mange hundreår.

Bassenga har blitt knytt til den velståande tida til kong Salomo (950 fvt.) som nemnt i Predikernes bok. Kong Salomo, som nemnt i Bibelen, laga desse bassenga for konene sine, som han visstnok hadde tusen av, så dei kunne bade der.

Desse bassenga var ein del av vassforsyninga til Jerusalem i oldtida. Dei vart reparerte av Pontius Pilatus. Herodes den store (30 fvt.) fekk ført vatn frå bassenga via akvedukter til Herodion og truleg òg til Jerusalem. Under tyrkarane vart vatn frå desse bassenga ført til Jerusalem i fire tommar tjukke røyr lagt i 1902. Under det andre bassenget er ein pumpestasjon som førte vatnet til gamlebyen i Jerusalem. Desse røyra erstatta dei to eldgamle akveduktane. Det er ingen tvil om at dei både romarane og sarasenarane brukte dei og det er mogeleg at romarane forstørra reservoara eller restaurerte dei. I dag vert vatnet berre brukt av innbyggjarane som bur like ved.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Solomon's Pools» frå , den 17. september 2015. oppgav desse kjeldene: Bromiley Geoffrey W (1995). The International Standard Bible Encyclopedia: E-J Wm. B. Eerdmans Publishing, ISBN 0-8028-3782-4

Flavius, Josefus Antiquities Murphy-O'Connor, Jerome (2008) The Holy Land: An Oxford Archaeological Guide from Earliest Times to 1700 Oxford University Press US, ISBN 0-19-923666-6 Sawsan and Qustandi Shomali. A Guide to Betlehem and its Surroundings. Flamm Druck, Wagener GMBH, Waldbrol

Kategori:Al-Khader Kategori:Akveduktar Kategori:Betlehem Kategori:Karavanseraiar i Palestina Kategori:Vassreservoar i Vestbreidda Kategori:Romerske akveduktar Kategori:Romerske cisterner Kategori:Salomo Kategori:Turistmål i Dei palestinske territoria