__NOTOC__ Øvre Stjørdal er ein tidlegare kommune i Nord-Trøndelag fylke. Han bestod fram til 1. januar 1874 då kommunen blei delt i to: Hegra og Meråker kommunar.
Kommunen blei oppretta då Stjørdalen formannskapsdistrikt blei delt i Nedre og Øvre Stjørdal i 1850. Kommunen låg i Inntrøndelag, i søraustre enden av fylket, og grensa til Sverige i aust og Sør-Trøndelag, som då heitte Søndre Trondhjems amt, i sør.
Øvre Stjørdal prestegjeld Øvre Stjørdal er òg namnet på eit prestegjeld i Stjørdal prosti i Den norske kyrkja. Prestegjeldet femner same området som den gamle kommunen, det vil seie Hegra sokn i Stjørdal kommune og Meråker sokn som tilsvarar Meråker kommune.
Kyrkjer i Øvre Stjørdal prestegjeld Hegra sokn Hegra kyrkje Floren kapell Okkelberg kapell
Meråker sokn Meråker kyrkje Stordalen kapell Kopperå kapell
Kjelder Kart over gamle kommunegrenser i Trøndelag på Arkivverket sin nettstad Digitalarkivet.no «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
Kategori:Tidlegare kommunar i Nord-Trøndelag Kategori:Stjørdal kommune Kategori:Norske kommunar skipa i 1850 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1874