Az-Zawiya (arabisk الزاويه) er ein palestinsk by i Salfit guvernement nord på Vestbreidda, 15 kilometer vest for Salfit og 24 kilometer sør for Qalqilya. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde az-Zawiya eit folketal på 4 754 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112.

Historie Zawiya var oppført i 1596 på osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han har eit folketal på fire hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132. Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og skildra han som ein stad med kring 200 innbyggjarar og ein liten moské.Guérin, 1875, s. 145 I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som mellomstor, «truleg ein eldgammal stad, med graver hogde ut i berget i sør.»Conder og Kitchener, 1882, s. 287

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Zawiya (kalla Zawiyeh) eit folketal på 396, to kristne og resten muslimar,Barron, 1923, Table IX, s. 26 medan han i folketeljinga i 1931 hadde 122 busette hus og eit folketal på 513, alle muslimar.Mills, 1932, s. 66

I 1945 var folketalet 720 medan det samla landarealet var 11 516 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61 Av dette var 964 for plantasjar og irrigert land, 2 055 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 108 medan 41 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 158

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zawiya, West Bank» frå , den 20. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til al-Zawiya Az Zawiya Town (Fact Sheet), ARIJ Az Zawiya Town Profile, ARIJ Az Zawiya Areal photo, ARIJ Construction works in The Segregation Wall resumed The case of As Sawiya landsby Salfit guvernement, ARIJ, 21, May,2005 More of Az Zawiya landsby lands confiscated for the construction of a security road 09, oktober, 2006

Kategori:Salfit guvernement Kategori:Byar på Vestbreidda