Nuba (arabisk نوبا) er ein palestinsk landsby som ligg 11 kilometer nordvest for Hebron. Landsbyen høyrer til Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 4 336 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 118.

Historie Landsbyen er nemnt seint på 1300-talet i eit dokument av mamelukk-sultanatet som styrte Palestina frå Kairo, der tre landsbybuarar er kalla «ar'ru'asā (leiarane) i landsbyen Nūbā».Singer, 1994, s. 36.

Osmansk tid Nuba vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelista frå 1596, landsbyen oppført i skattelister som ein del av i Halil nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 82 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, vindruer og frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 124

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Nuba som «ein liten landsby oppå ein låg ås, med ein brunn kring 1,5 km mot aust.»Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 309

Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922 hadde Nuba' 357 innbyggjarar, alle muslimar.Barron, 1923, Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10. . Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 611 muslimar, i 140 hus.Mills, 1932, s. 33

I 1945 var folketalet i Nuba 760 arabarar, som eigde 22 836 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50 403 mål var plantasjar og irrigert land, 10 116 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93 medan 33 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nuba, Hebron» frå , den 28. september 2015. oppgav desse kjeldene:

(p.124)

Bakgrunnsstoff Velkomen til Nuba

Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Hebron guvernement