Håkon Ivarsson var ein norsk stormann, son av lendmannen Ivar Kvite. Han var jarl i Vest-Götaland under kong Stenkil og seinare jarl i Halland under kong Svein Estridsson. Han var fødd omkring år 1027 og døydde omkring år 1080.

Oldefaren var Håkon jarl den mektige Opplysningar om Håkon Ivarsson kan ein finne i Heimskringla og andre av dei norrøne sogene. Ei av dei eldste kjeldene finst i Morkinskinna, men det har ògså eksistert ei eiga, uavhengig soge om han: «Hákonar saga ÍvarssonarHákonar saga Ívarssonar av John Helgason og Jakob Benediktsson (København 1952) ». Dateringa er uviss, men ein reknar med at Snorre nytta henne som kjelde og truleg vart ho nedskriven på Island ein gong før år 1230. Berre deler av ei handskrift frå 1400-tallet er bevart. Det kan tenkjast at denne soga var ein del av den tapte soga om Ladejarlane. Soga om Håkon Ivarsson er den einaste, særskilte norrøne soga som handlar om ein norsk hovding som ikkje høyrde til ei kongsætt. Soga byrjar slik:

I den tida då Noreg var styrt av kong Magnus den gode, sonen til Olav den heilage, var der i landet mange gjæve menn som kom frå kongsætt eller jarleætt. Mange av dei var framståande menn og lendmenn som ætta frå Håkon Ladejarl; dei vart omtala som Lade-menn og dei fleste var mykje venare enn andre menn. Dei fleste var store hærmenn, sigersæle, klokare og meir dugande enn andre menn. Ein mann med namn Ivar hadde rike på Opplanda. Han var lendmann og farsætta hans kom frå ei opplandsk lendmannsætt. Han var son til Sigrid, dotter åt Håkon Ladejarl. Ivar var gjævare enn andre menn, han var kvit både på hår og kropp, klok og vennesæl og rik på gods. Ivar fekk ein son som han kan kalla Håkon og det vart sagt at i samtida fanst ingen mann i Noreg som var like dugande som han. Det vart sagt at han var velbygd og sterkare enn andre, fremst i all slags idrott, og høvisk og omgjengeleg mot alle menn.

Dei ulike norrøne sogene gir noko ulike opplysningar om Håkon Ivarsson, det er jamvel blitt hevda at han ikkje var i slekt med jarleætta i det heile, men berre var ein mektig hovding av lendmansætt på Opplanda. Her er det lagt til grunn at det er i «Hákonar saga Ívarssonar» ein finn dei mest truverdige opplysningane om livet hans og dermed at oldefar hans var ladejarlen Håkon jarl den mektige. Lendmannen Ivar Kvite var far hans, det er ikkje kjent kven mor hans var, men farmora, nemnt i Morkinskinna som Ingeborg, må ha vore dotter åt Håkon jarl den mektige. Snorre nemner òg dette slektskapet når han kallar Eindride Einarsson for frende til Håkon IvarssonSoga om Harald Hardråde kap. 44 og 47 (H.I. var frenden til Eindride)

Drapet på Einar og Eindride Om lag 18 år gamal, ca år 1046, reiste han ut i viking og herja i vesterveg. Han skal ha vitja kong Edvard (Bekjennaren) i England og der vart han vist stor ære både av kongen folket hans. Seinare herja ein sumar saman med Finn Arnesson frå Austrått. Han var om lag 23 år gamal då han kom attende til Noreg; då var Harald Hardråde blitt einekonge og truleg var han heimkomen berre ei stutt tid før Einar Tambarskjelve og sonen hans, Eindride, vart drepne i 1050.

Drapa på Einar og Eindride var faktisk ei mørk og lagnadstung hending. Det fanst ikkje noko rimeleg grunn til at kong Harald skulle våge å gjere ein slik udåd, med mindre han hadde sterke mistankar om at Einar Tambarskjelve hadde planer om å gjere oppreist mot kongen og kanskje sette sin eigen son som ny ladejarl og herskar over Noreg.

No var ikkje drapa på Einar og Eindride eit enkeltståande døme på valdsbruk i styringstida til Harald Hardråde, og det som kanskje er meir påfallande, er at han gir inntrykk av ei kald kynisme som saknar sidestykke i norsk mellomalder. Ikkje berre nytta han drap og mord for å fjerne folk som stod i vegen for han, han kunne òg skryte av ugjerningane og tyktest å kunne glede seg over å minnast dei. Eit nokså grelt eksempel er verset nedanfor som han gjorde etter at han hadde rydda Kalv Arneson av vegen. Verset talar for seg sjølv: No dauden har eg valda elleve og to av mine fiendar. Til drap eg ofte eggjast eg minnest alle mine mordNú emk ellifu allra Eggjumsk vigs, ok tveggja, Þhau eru, enn svát mank, manna Morð ráðbani orðinn

Konflikt med Harald Hardråde Kong Harald var no redd for at bøndene var ute etter å få hemn over drapa, og han visste òg at den fremste mellom dei var Håkon Ivarsson. Soga viser til at Håkon både hadde hatt venskap med Einar og Eindride, og ikkje minst at han var i slekt med dei. Far hans, Ivar Kvite, og Eindride Einarsson hadde vore syskenborn. Kanskje var det òg slik at Håkon Ivarsson hadde planer om å reise strid mot kong Harald, for å avsetje han og gjere seg sjølv til herskar over Noreg i hans stad. Mange av dei mektigaste stormennene i landet ville truleg støtte Håkon Ivarsson i eit slikt tiltak. Orm Eilifsson jarl på Opplanda, Guttorm, son av Kjetil Kalv på Ringnes, Tore på Steig i Gudbrandsdalen, Aslak Erlingsson på Sola og Finn Arnesson på Austråt var alle hovdingar som var misnøgde med at Harald Hardråde hadde blitt einekonge etter at Magnus Olavsson døydde.

Kong Harald var nok medveten om dette og for å bøte på ugjerninga tilbaud han eit forlik som enda med at Håkon skulle få Ragnhild, dotter etter kong Magnus, til kone. Men Ragnhild var berre om lag 8-10 år på denne tida, og Håkon måtte vente med giftarmålet til ho vart vaksen. Ragnhild var sonedotter etter ein helgen og truleg det mest ettertrakta giftarmålet i Skandinavia på den tida. Forliket tyder difor på at kong Harald visste at mykje stod på spel og at Håkon Ivarsson var eit reelt trugsmål mot hans eiga kongsmakt.

Det kan sjå ut til at Håkon Ivarsson på denne måten let seg kjøpe til å halde fred med kong Harald, til så lenge, og han reiste heim til Opplanda. Finn Arneson kom stutt etter i usemje med kong Harald etter at broren Kalv miste livet, og han hadde reist til kong Svein Estridsson i Danmark som gav han jarlsnamn og styringa med Halland. Det er truleg at Håkon vitja Finn i Halland og truleg reiste dei på vikingferd i saman. Etter nokre år, truleg i 1058, reiste Håkon til kong Harald for å be han innfri lovnaden om giftarmålet med Ragnhild Magnusdotter. Men Ragnhild, som no var blitt vaksen, ville ikkje gifte seg med Håkon då han berre var «utigin», ein vanleg bonde. Håkon kravde då at kong Harald skulle gi han jarlsnamn, men kongen ville ikkje gå med på det. Håkon vart då fælande sint og reiste frå landet. Han for straks sør til Danmark der kong Svein Estridsson tok vel imot han og gav han store len og sette han til landevernsmann. Han låg såleis ute til sjøs både sumar og vinter, og stundom reiste han i viking saman med Finn Arneson som framleis var jarl i Halland.

Etter at Magnus den gode døydde, hadde Svein Estridsson, dotterson etter kong Knut den mektige, teke kongsmakt i Danmark. Men Kong Harald Hardråde gjorde krav på Danmark som han meinte han hadde arva etter kong Magnus, og han gjorde fleire hærferder for å legge under seg riket. Sogene fortel at han herja ofte i Danmark og at han vann seg mykje hærfang. Litt etter år 1050 gjekk han til åtak på den gamle handelsbyen Hedeby, og byen vart brend og rasert. Ein reknar med at denne hendinga var noko av årsaka til at byen gjekk til grunne, berre få år seinare.

Slaget ved Nissan (Niså) Om våren 1062 kalla kong Harald ut leidangen og segla sørover for å vinne over kong Svein Estridsson, og ved elva Nissan (Niså) ved Halmstad kom det til eit stort slag (Slaget ved Niså). Rett før dette slaget tok til, kom Håkon Ivarsson og Finn Arnesson seglande med skipa sine, truleg på veg heim etter ei vikingferd. Finn var kong Svein sin jarl og slutta seg straks til den danske flåten. Håkon tykte ikkje at han kunne kjempe mot sine eigne landsmenn og med skipa sine slutta han seg til flåten til kong Harald, og med stor djervskap og styrke tok han del i striden. Der fekk kong Harald siger, men kong Svein greidde å røme frå slaget i ein liten båt (soga om VandrådSoga om Harald Hardråde fjorteljinga om Vandråd kap. 64). Det var Håkon Ivarsson som hjelpte kong Svein etter slaget slik at han greidde å kome seg usett i land.

Håkon jarl hadde eit venskapsband til kong Svein då han nyst hadde vore i hans teneste, og der var slektsband mellom dei: Gunnhild, dotter til Svein Ladejarl, hadde vore gift med kong Svein fram til ho vart skild frå han ein gong etter 1051. Men ei anna sak gjaldt og i tilhøvet dei i mellom; far til Håkon, Ivar Kvite var ei tid i hirda til kong Knut den mektige. Etter slaget ved Helgeå (1026) kom dei attende til Roskilde, og kong Knut baud då at Ulf Torgilsson jarl skulle drepast fordi han hadde sveke kong Knut og kjempa mot han i slaget. Ein mann gjekk då inn i Luciuskyrkja der Ulf jarl var, og drap han. Ulf Torgilson jarl var far til kong Svein og han som drap Ulf var Ivar Kvite, far til Håkon Ivarsson. Håkon tykte vel difor at han skulda å hjelpe kong Svein til å berge livet denne gongen.

Etter slaget for Håkon Ivarsson attende til Opplanda og det kom nok ein gong til forlik mellom han og kong Harald. Han fekk mykje skryt av djervskapen sin i slaget, og kongen lova at Håkon skulle bli jarl.

Gift med Ragnhild Truleg i jula det same året vart det halde bryllaup i kongsgarden for Håkon og Ragnhild. Men ikkje lenge etter skjøna Håkon at kongen likevel ikkje hadde tenkt å halde lovnaden om å gi han jarlsnamn (i sogene blir han oftast nemnd som jarl, men han vart aldri norsk jarl). Då tok han den avgjerda, at han ville reise frå landet og Håkon byrja med å selje eigedomane sine, og han sende folk for å gjere seglklar skipa han åtte.

Samstundes hende det at kong Harald fekk nyss om at det var Håkon som hadde hjelpt kong Svein til å sleppe undan etter slaget ved Nissan (sjå: soga om Vandråd), og våren 1063 sende han ein stor styrke til Opplanda for å finne og drepe han. Håkon måtte då i all hast røme undan for å redde livet, og saman med Ragnhild reiste han ut av landet og for til kong Stenkil i Sverige. Der fekk han fredland og kong Stenkil sette han til jarl i Götaland (Gautaland) og i Värmland. Kong Stenkil motarbeidde kong Harald i Noreg; han var naturleg nok redd for at Harald skulle finne på å gå til krig mot Sverige og truleg var han difor interessert i å gi støtte til Håkon.

Slaget ved Vänern

Håkon Ivarsson tok no til å samle til seg mykje folk, både i Gautland og i Noreg, og han for vest til bygdene i Opplanda og kravde landskuld og skatt av bøndene. Sogene nemner at han ein gong drap tre av kong Harald sine menn som var på Opplanda for å krevje inn skatt. Men Håkon var godt omtykt der han kom og opplendingane sa at all skatt som dei skulle ut med, ville dei gi til han. Sidan for han aust til Gautland og heldt seg der medan han samla seg mannskap for å gjere hærferd mot Harald Hardråde.

Men den røynde krigaren og hardstyraren kong Harald visste motråder; han rusta ut ei sjøflåte med dei lettaste skipa han hadde og seint på hausten drog han oppover elva og inn i Vänern. Der fann han Håkon Ivarsson og mannskapet hans, og det kom til eit slag som enda med at Håkon og mennene hans måtte rømeSoga om Harald Hardåde forteljinga om slaget ved Vänern kap. 72 Det var i dette slaget Håkon Ivarsson hadde merket til kong Magnus; han miste det då dei måtte røme, men vann det att seinare.

Kong Harald drog deretter attende til Opplanda, og den same vinteren, og i åra 1064 og 1065, herja han i alle bygdene der Håkon Ivarsson hadde fått støtte. Han let mange bønder skamfare og drepe og han brende gardane og øydelagde bygdene på Romerike, Hedmark, Ringerike og på Hadeland. Skalden Tjodolv Arnorsson har fortalt om dette i diktet SexstefjaSexstefja dikt av Þjóðólfr Arnórsson

I tre halvår for kongsmennene frå herad til herad i alle fylka på Opplanda, straffa bøndene og sette nye lover for skattar og tingordning. Ved slutten året 1065 var det fred i Noreg, alle dei som hadde vore i opposisjon til kong Harald var enten drepne eller jaga ut av landet, eller dei hadde bøygd seg inn under hans styre.