Karak () er eit guvernement i Jordan, sørvest for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret er Al Karak. Det grensar til Madaba og Amman guvernement i nord, Ma'an guvernement i aust, Tafilah guvernement i sør og Daudehavet i vest.

Historie mini|venstre|Kerak krossfararborg i Al Karak er ei av dei største borgene i Levanten. Oldtida Området som Karak guvernement dekkjer var ein gong ein del av Kongedømet Moab, i det første tusenåret fvt. Ein trur hovudstaden deira låg nær byen Al Karak, som vart kalla Qir av Moab.

Ei kort stund var området til Karak guvernement under persisk styre, før nabatearane tok kontroll over det fram til romarane invaderte Levanten og okkuperte hovudstaden deira Petra. Etter at bysantinarane fekk kontroll over området, oppretta dei ein vasallstat styart av ghassanidane. Byen Mu'tah var åstad for det første slaget mellom dei muslimske arabarane og Austromarriket i slaget ved Mu'tah i 629.

Då krossfararane kom hit, vart fyrstedømet Kerak grunnlagd, som vart eit senter for kampane mellom ajjubidane og krossfararane.

Geografi Karak guvernement ligg langs søraustkysten av Daudehavet og fjellkjeda kjend som Moabfjella. Wadi Mujib vart i Bibelen kalla Arnonelva og flyt gjennom fjella i Karak guvernement og ut i Daudehavet. Byane i guvernement ligg i høgder som varierer frå over 1000 meter over havet i sør, til 800 meter over havet i nord, til kring 350 meter under havnivå i Gour Al Safi nahiya.

Demografi I 2004 hadde Karak guvernement 204 185 innbyggjarar, som er 4 % av folketalet i Jordan. Det estimerte folketalet i 2010 er kring 239 000.http://www.sabeq-jordan.org/SABEQ_Public/sabeq_public_master_arabisk.aspx?Site_Id=5&Page_Id=759 Al-Karak

Administrativ inndeling Karak guvernement er delt inn i 10 nahiyaer:

Nahiyaer i Karak guvernement etter folketal (2004)90px|Karak nahiya Karak nahiya

90px|Sauth Mazar nahiya Sør-Mazar nahiya

90px|South Aghwar nahiya SørAghwar nahiya

90px|Qaser nahiya Qasr nahiya

90px|Gour Al-Mazra'a nahiya Gour Al-Mazra'a nahiya Nahiya Arabisk namn Areal Folketal Adm. senter 90px|Faqou' nahiya Faqou' nahiya

90px|Aii nahiya Aii nahiya

90px|Moab nahiya Moab nahiya

90px|Qatraneh nahiya Qatraneh nahiya

90px|Moujeb nahiya Moujeb nahiya 1 Al-Qasabah nahiya لواء قصبة الكرك omfattar byen Al Karak og 35 andre byar og landsbyar 64 850 Al Karak 2 Sør-Mazar nahiya لواء المزار الجنوبي omfattar 30 byar og landsbyar 57 191 Mu'tah 3 Sør-Aghwar nahiya لواء الاغوار الجنوبية omfattar seven byar og landsbyar 32 446 Safi 4 Al-Qasr nahiya لواء القصر omfattar ni byar og landsbyar 20 860 Rabba 5 Gour Al-Mazra'a nahiya قضاء غور المزرعة omfattar seks byar og landsbyar 12 743 Gour Al-Mazra'a 6 Faqou' nahiya لواء فقوع omfattar seks byar og landsbyar 12 178 Faqou' 7 Aii nahiya لواء عي omfattar fire byar og landsbyar 9 711 Aii 8 Moab nahiya قضاء مؤاب omfattar fem byar og landsbyar 9 692 Husseiniya 9 Qatraneh nahiya لواء القطرانة omfattar fire byar og landsbyar 6 949 Qatraneh 10 Moujeb nahiya قضاء الموجب omfattar fem byar og landsbyar 5 818 Mugheer Kjelde: وزارة الداخلية - الأردن Jordansk innanriksdepartement

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karak Governorate» frå , den 4. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Guvernement i Jordan