Henry Høgfeldt Johansen () var ein norsk fotballspelar, landslagsmålvakt i tida 1926-38, samt skihoppar frå Oslo. Han var med på Bronselaget i 1936, og gjekk under kallenamnet «Tippen».
Johansen vart medlem av Vålerengen IF i 1918, då idrettslaget Olymp vart innlema i VIF. Frå 1923 til 1946 spelte han på A-laget til Vålerengen. To kvartfinalar, i 1936 og 1938, var høgdepunkta i hans tid som klubbspelar.
Johansen debuterte på Noregs landslag i 1926, og spelte sin 48. og siste landskamp i 1938. Det store høgdepunktet var fotballturneringa under Sommar-OL 1936 i Berlin, då Noreg overraska stort og vann bronsemedaljen etter sigrar over høvesvis Tyrkia, Tyskland og Polen. Også i fotball-VM 1938 i Frankrike var han Noregs målvakt. «Mange keepere hadde noe å lære av ... hans sikre grep, fine plas[s]eringer og utspill og hans glimrende feltarbeide.», og «det var ikke få landskamper han faktisk vant for Norge».Magnus Breili: Fotballbokken. 1967 Særleg ry fekk han for sitt spel då Sverige vart slått 4-1 i Göteborg i 1932, og i 2-0-sigeren over Ungarn på heimebane i 1935.
«Tippen» Johansen vart i 1938 tildelt Egebergs ærespris for sine prestasjonar på fotballbana og i hoppbakken.
Merittar OL-bronse: 1936 med Noreg
Notar og kjelder
Denne artikkelen bygger på «Henry Johansen» frå , den 6. oktober 2015.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1936 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1938 Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Folk frå Oslo