Norodom Sihamoni () er konge i Kambodsja og son av kong Norodom Sihanouk og dronning Monineath.
Han blei vald til konge den 14. oktober 2004 etter den uventa abdiseringa til kong Norodom Sihanouk ei veke tidlegare, og krona i Phnom Penh den 29. oktober.
Sihamoni er ugift og barnlaus. Det at han manglar ein tronarving er likevel ikkje noko stort problem i Kambodsja, ettersom tronrådet vel kongen.
Kategori:Kambodsjanske kongelege Kategori:Kambodsjanske regentar