Åsa Elvik () er ein tidlegare norsk politikar for SV. Elvik er rådmann i Bø kommune frå oktober 2013. Ho vart innvald på Stortinget frå Nordland i 2001 som andrekandidat og i 2005 som førstekandidat for SV. Ho var parlamentarisk nestleiar for SV si stortinggruppe frå 2005 til 2006. Frå 13. mars til 20. oktober 2009 var ho statssekretær for statsråd Tora Aasland, med ansvar for forsking og høgare utdanning i Kunnskapsdepartementet.
Elvik gjekk ut av Stortinget då ho vart utnemnd til statssekretær, og tidlegare fylkesråd Geir-Ketil Hansen møtte som fast representant ut perioden. Elvik tok ikkje attval ved stortingsvalet 2009.Avisa Nordland: «Veteranfall på Stortinget», henta 1. september 2008
Elvik var lærer ved Sortland vidaregåande skole, avdeling Bø, 1997–1998, og har eksamenar i psykologi, pedagogikk og sosialantropologi frå Universitetet i Tromsø. Etter avgangen som statssekretær i 2009, vart ho sjølvstendig næringsdrivande, og var dagleg leiar for den kombinerte kaffebaren og klesbutikken Smak i heimkommunen Bø i Vesterålen.
Åsa Elvik har hatt ei rekkje verv i SU og SV. I perioden 1999–2001 var ho medlem av Nordland fylkesting. Elvik var i styret for Nordland Sosialistisk Ungdom 1996–1997 (kasserar) og 1997–1998 (leiar). Ho var medlem av fylkesstyret i Nordland SV 1996–1998 og 2000–2001. Ho var Medlem av landsstyret i SU 1997–1999. Vidare var ho fylkessekretær i Troms SV 1998–1999 og medlem i SV sitt sentralstyre frå 2001 til 2007.
Stortingskomitear 2006–2009 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen. 2005–2006 medlem av Kommunal- og forvaltingskomiteen. 2005–2009 varamedlem av Valkomiteen. 2001–2005 medlem av Næringskomiteen. 2001–2005 medlem av Valkomiteen.
Utgjevingar 1998 - Det var då det byrja 2000 - Inni meg er det mange rom
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Åsa Elvik» frå , den 22. november 2015.
Bakgrunnsstoff Åsa Elvik sin blogg SV Biografi Stortinget.no - Biografi
Kategori:Folk frå Bø i Nordland Kategori:Statssekretærar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV