Liv Aasen () var ein norsk lærar og politikar for Ap. Ho var innvald på Stortinget frå Sør-Trøndelag 1969–1989.
Liv Aasen var fødd i Bergen. Etter studentereksamen i 1947 og engelskkurs ved University of Cambridge i 1948 tok ho eksamen ved lærarskulen i 1950 og Staten sin lærerinneskole i husstell året etter. Aasen var lærer i folkeskolen i Fana, Kongsberg og Trondheim 1951–1969. I 1960-åra budde ho periodevis utanlands, og var lærer og rektor ved Nordisk folkehøgskole i Genève og frilansskribent i Wien.
Aasen byrja sin politiske karrière som tillitsvald i Arbeidaranes Ungdomsfylking, og sat som nestformann og sekretær i AUF i Buskerud 1953–1956, medlem av landssstyret 1958–1961 og formann i Trondheim AUL 1959–1960. Ho var medlem av Arbeidarpartiets internasjonale utval 1970–1989 og varamedlem av sentralstyret 1977–1987. Før ho vart innvald på Stortinget, var Aasen medlem av Kongsberg bystyre 1956–1959 og Trondheim bystyre 1960–1963.
Stortinget sitt presidentskap 9. oktober 1973 – 30. september 1977 Varasekretær i Stortinget 8. oktober 1981 – 30. september 1985 Varasekretær i Lagtinget 9. oktober 1985 – 30. september 1989 Første varapresident i Lagtinget
Stortingskomitear 1985–1989 nestleiar i Utanriks- og konstitusjonskomitéen 1985–1989 nestleiar i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1985–1989 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomitéen 1985–1989 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1985–1989 medlem i Valkomitéen 1981–1985 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomitéen 1981–1985 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1981–1985 varamedlem i Valkomitéen 1977–1981 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomitéen 1977–1981 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1973–1977 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen 1969–1973 medlem i Samferdselskomitéen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Liv Aasen» frå , den 19. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Lokalpolitikarar i Kongsberg Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap