Lampornis er ei biologisk slekt av kolibriar i underfamilien Trochilinae. Dei har fellesnemninga 'juvel' på norsk. Artane i slekta har utbreiing i fjellområde frå Panamaeidet i sør gjennom Sentral-Amerika og nord til sørlege Mexico. Ein art, blåstrupejuvel, har utbreiing i område over 1500 moh. gjennom Mexico og litt inn i sørlegaste USA.

Skildring Dette er mellomstore til store (10–13 cm) kolibriar med kort, svakt bua svarte nebb. Hannane har vanlegvis grøn overside, og ein glitrande, fargerik strupe, som er meir matt i farga hos hoer. Hoene av nokre artar kan òg avvike vesentleg frå hannane i andre delar av fjørdrakta. Hoer av juvelar er fullt ut ansvarleg for reirbygging og ruging. Hoa legg to kvite egg i eit djupt koppforma reir fora med plantefiber. Ruginga tar 15-19 dagar, og dei er flygedyktige innan 20-26 dagar.

Føda i denne slekta er nektar, tatt frå ei rekkje små blomar. Men som andre kolibriar, tar juvelar òg små insekt som ei viktig kjelde til protein.

Artslista Lampornis i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Flekkstrupejuvel, Lampornis viridipallens, Green-throated Mountain-gem, LC, Bourcier & Mulsant, 1846 Honduras og litt inn i nordvestlege Nicaragua.

Flekkbrystjuvel, Lampornis sybillae, Green-breasted Mountain-gem, LC, Salvin & Godman, 1892 Vestlege Honduras og nordlege El Salvador, i sørvestlege Guatemala og litt inn i sørlege Mexico.

Amestyststrupejuvel, Lampornis amethystinus, Amethyst-throated Hummingbird, LC, Swainson, 1827 El Salvador, Guatemala, Honduras, og Mexico.

Blåstrupejuvel, Lampornis clemenciae, Blue-throated Hummingbird, LC, Lesson, 1829 Mexico og sørlegaste USA.

Kvitbukjuvel, Lampornis hemileucus, White-bellied Mountain-gem, LC, Salvin, 1865 Costa Rica og Panama.

Purpurstrupejuvel, Lampornis calolaemus, Purple-throated Mountain-gem, LC, Salvin, 1865 Sørlege Nicaragua, nordre Costa Rica og vestre Panama.

Kvitstrupejuvel, Lampornis castaneoventris, White-throated Mountain-gem, LC, Gould, 1851 Vestlege Panama.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mountaingem» frå , den 24. januar 2016.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Fugleslekter