Florence Baverel-Robert ( i Pontarlier i Franche-Comté) er ein fransk skiskyttar. Ho er olympisk meister i sprint frå OL i Torino i 2006.

Florence Baverel-Robert var med i verdscupen i skiskyting frå 1994 til 2007. Ho trente med klubben Entente Sportive Saugette de Ski/EMHM.

I 1994/95- og 1995/96-sesongen kom ho på 7. plass i verdscupen samanlagt, men fekk sidan svakare samanlagtresultat. Før OL i Torino hadde ho berre ein individuell medalje frå store meisterskap, bronse frå jaktstarten i VM i Holmenkollen i 2000. I OL i Torino vann ho sensasjonelt gull på sprinten, noko som òg var hennar første verdscupsiger. Ho var òg med å ta bronsemedalje på stafetten. 2006/07-sesongen vart hennar beste i verdscupen, og ho enda på 5. plass samanlagt. Etter dette la ho opp som aktiv skiskyttar.

Baverel-Robert vert rekna som ein svært god skyttar. Ho gifta seg i 2001 med skiskyttaren Julien Robert. Dei busette seg i Lièvre Mont nær den sveitsiske grensa.

Kortfatta merittliste Verdscupen samanlagt: 5. plass (2006/07) Verdsmeisterskap: 4 sølv, 3 bronse (beste individuelt: sølv på 15 km, 2007) Olympiske leikar: 1 gull (sprint, Torino 2006), 1 bronse Verdscuprenn: 1 gull, 7 sølv, 6 bronse

Bakgrunnsstoff

Kategori:Franske skiskyttarar Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2002 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2007