Esko Saira () er ein finsk tidlegare skiskyttar frå Lemi i Södra Karelen som vann ein individuell bronsemedalje under verdsmeisterskapen 1975, samt sølvmedaljar i OL-stafettane 1972 og 1976.

Aktiv Saira markerte seg internasjonalt i 1972 ved å verte nummer seks i den individuelle øvinga under vinterleikane i Sapporo, og fekk deretter gå startetappen for det finske stafettlaget som vann sølvmedaljen i 4 x 7,5 km stafett, bak Sovjetunionen. Dei andre sølvvinnarane var Juhani Suutarinen, Heikki Ikola og Mauri Röppänen.

Under VM i skiskyting 1975 i italienske Antholz tok Saira bronsemedaljen på 20 km, ei tevling der landsmannen Heikki Ikola gjekk heilt topps. Saira fekk likevel ikkje plass på det finske stafettlaget, eit mannskap som vann stafetten. Året etter var han derimot med då Finland tok ein ny sølvmedalje i 4 x 7,5 km stafett under dei olympiske leikane i Innsbruck. Henrik Flöjt, Juhani Suutarinen og Heikki Ikola gjekk dei øvrige etappane for Finland. Tidlegare i leikane kom Saira i mål til sjetteplass på 20 km, og enda såleis opp med nøyaktig dei same plasseringane som i førre vinter-OL. Ei veke før Innsbruck-leikane var han under VM i skiskyting 1976 sjuandemann i 10 km sprint, ei øving som kom på OL-programmet i 1980.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Esko Saira» frå , den 5. mars 2016.

Sportsboken, aktuelle årgangar.

Kategori:Finske skiskyttarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1976