mini|Framsida av venstre auge med åtskilde augelok. Tårekarunkelen er synleg til venstre. Tårekarunkelen (av latin caruncula lacrimalis) er den vesle, raudvorne nodulen i innerkroken av auga, der tårekanalen tek til. Den er samansett av talg- og sveittekjertlar, og er trekt med hud.

Augeallergi kan føra til betennelse og kløe i tårekarunkelen og konjunktivalfalden, plica semilunaris, som er eit rudiment av blinkhinna. Dette skuldast utslepp av histamin i tårefilmen og nærliggande vev.

Når helsepersonell skal setje lækjemiddel i auga, er det vanleg å be pasienten late att auga før dei legg trykk på augekroken, like over karunkelen. Dette gjer dei for å sinke drenasjen av lækjemiddelet ned tårepunktet, punctum lacrimale, slik at det ikkje trekker inn i systemkretsløpet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lacrimal caruncle» frå , den 7. mars 2016.

Kategori:Auga