mini|Minneplate på Sveavägen i Stockholm Sven Olof Joachim Palme () var ein svensk sosialdemokratisk politikar som var statsmnister frå 1969 til 1976 og frå 1982 til 1986.
Bakgrunn Olof Palme kom frå ein overklassebakgrunn, og budde i oppveksten på Östermalm i Stockholm.
Karriere Palme var konsultativ statsråd 1963-1965, kommunikasjonsminister 1965-1967, utdanningsminister 1967-1969, statsminister 1969-1976 og 1982-1986. Han var partileiar frå 1969 til 1986. Olof Palme var utdanna som jurist.
Han var den siste statsministeren som vart titulert «excellens» (i 1970).
Drap Palme vart skoten på Sveavägen sentralt i Stockholm den 28. februar 1986. Palmemordet og etterforskinga etterpå var eit nasjonalt traume for Sverige som i lang tid sette sitt preg på samfunnsdebatten. I 1989 vart den uføretrygda rusmisbrukaren Christer Pettersson funne skuldig i mordet og dømd til livsvarig fengsel, men allereie nokre månader seinare vart han frifunnen på grunn av manglande prov og feil i samband med etterforskninga. Framleis er ingen dømd for mordet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Olof Palme talar Olof Palmes Internationella Centrum Olof Palmes minnesfond och Palmepriset
Kategori:Svenske politikarar Kategori:Svenske statsministrar Kategori:Svenske sosialdemokratiske politikarar