Love Explosion er det fjerde studioalbumet til Tina Turner, gjeve ut i mars 1979 på EMI i Storbritannia, Ariola Records i Vest-Tyskland og United Artists i USA. Det var det andre soloalbumet hennar, etter ho forlet ektemannen Ike Turner og the Ike & Tina Turner Revue. Albumet er kraftig påverka av funk og disco.

Oversyn Love Explosion vart spelt inn i Europa og produsert av ein av dei leiande personane i fransk disco på den tida, Alec R. Costandinos, som hadde arbeidd med band som Love And Kisses og Cerrone og medverka på filmmusikken til filmen Thank God It's Friday i 1978. Love Explosion og dei tre singlane, «Love Explosion» og «Music Keeps Me Dancin'» (begge discolåtar) og ein rolegare versjon av The O'Jays-soulklassikaren «Back Stabbers» frå 1972, hadde ein viss suksess på amerikanske og europeiske salslister. Albumet selde dårleg, og plateselskapet droppa ho.

Albumet inneheld to soulballadar, «I See Home» og «Just A Little Lovin'», sistnemnde opphavleg spelt av Dusty Springfield i 1969 på albumet Dusty in Memphis. Love Explosion, som det føregåande albumet Rough, vart gjeve ut på CD av EMI tidleg i 1990-åra, men er i dag ute av opplag.

Innhald

Medverkande Tina Turner - vokal Jean-Claude Chavanat - gitar Tony Bonfils - bass Bernard Arcadio - klaverinstrument André Ceccarelli - trommer Manu Roche - perkusjon George Young, Laurence Feldman, Michael Brecker - tenorsaksofon Lew Delgatto - barytonsaksofon Barry Rogers, Dave Taylor, Tom Malon, Wayne Andre - trombone Alan Rubin, Randy Brecker - trompet George Marge - obo Arthur Simms, Stephanie de Sykes, Stevie Lange, Vickie Brown - korvokal The Pat Halling String Ensemble - strykarar

Produksjon Produsert av Alec R. Costandinos Arrangert og dirigert av Raymond T. Knehnestky Remiksa i Trident Studios, London av Peter R. Kelsey «Love Explosion» og «Sunset on Sunset» vart spelte inn i Trident Studios i London «On the Radio» vart miksa i Red Bus Studios i London Design: RIA Images Fotografi: Calude Mougin

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love Explosion (album)» frå , den 14. april 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tina Turner-album Kategori:Musikkalbum frå 1979