Hans Jørgensson Aarstad () var ein norsk landbruksskulelærar og politikar frå Sokndal i Rogaland. Han representerte partiet Venstre på Stortinget frå 1919 til 1933.

Aarstad var son til ein gardbrukar og var 1896-98 elev ved Tveit landbruksskule i Nedstrand i Ryfylke. Dei neste to åra studerte han ved Noregs landbrukshøgskule på Ås i Akershus. Han var så andrelærer ved Tveit landbruksskule 1900–04 og 1907–28, i mellomtida 1904-07 hadde han same stilling ved Stend jordbruksskule i Fana. Frå 1933 til 1943 var Aarstad styrar ved Tveit landbruksskule.

Aarstad var ordførar i Nedstrand 1919–1927, 1937–1940 og i 1945. Han var varamann til Stortinget i perioden 1916-18 og møtte tre veker i juli 1916. Frå 1919 til 1933 var han i samfulle fem valperiodar tingmann for Venstre, fyrste perioden vald frå einmannskrinsen Ryfylke og sidan frå Rogaland fylke. Aarstad var fram til 1928 med i Finanskomiteen; som medlem 1919-21, formann 1922-24, nestformann 1925-27 og formann 1928, til han 15. februar 1928 vart landbruksminister i Johan Ludwig Mowinckels andre regjering. Etter at Mowinckel-regjeringa gjekk av i mai 1931 tok Aarstad plass i Justiskomiteen. Han var elles odelstingspresident 1925–28.

Kjelder

Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Mowinckel II Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger amt Kategori:Ordførarar i Nedstrand Kategori:Venstreordførarar i Rogaland Kategori:Norske agronomar Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule Kategori:Norske rektorar Kategori:Folk frå Sokndal