mini|Pagode i Shijiazhuang i Nord-Kina
Pagode (kinesisk skrift 塔, pinyin tǎ) er eit tårnaktig byggverk med fleire etasjar, skilde frå kvarande med markerte, utstikkande takskjegg. Pagodar kan vera hole tårn eller solide byggverk, laga av stein, tre eller murstein. Bygningstypen er avleidd frå den buddhistiske stupaen, og dei er begge opphavleg symbol for heilage fjell. Han er utbreidd i Aust- og Søraust-Asia, i land som Vietnam, Burma, Nepal, Kina, Korea og Japan. Dei fleste pagodar er bygde med religiøse føremål, ofte som buddhistiske bygningar, gjerne med samband til buddhisttempel, og nokre gonger knytte til taoismen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pagode» frå , den 24. mai 2016.
Kategori:Byggverk
Kategori:Buddhistisk arkitektur Kategori:Buddhisttempel Kategori:Tårn Kategori:Kinesisk arkitektur Kategori:Japansk arkitektur Kategori:Koreansk arkitektur Kategori:Vietnamesisk arkitektur Kategori:Nepalsk arkitektur