mini|Bruce Springsteen Bruce Frederick Joseph Springsteen () er ein amerikansk songar og gitarist. Han speler ofte live saman med E Street Band. Dei mest populære albuma hans er Born to Run og Born in the U.S.A..

Han nemner sjølv at Elvis på Ed Sullivan Show i 1956 var det store augneblinken då han opplevde magi. Vidare nemner han Roy Orbison som ved sida av Johnny Cash var den andre «Man in black». Phil Spectors «wall of sound» og dei kule Beatles var også viktig lærdom for den unge Springsteen. Han var inspirert både av dei «rå» Animals og «silkelyden» frå Motown, men det var Bob Dylan som «gav oss orda» om alt som betydde noko. Som vaksen fann Springsteen også vegen til countrymusikken og Hank Williams «gjekk frå museumsgjenstand til levande». «Countryen var provinsiell, det var eg og. Eg var ikkje downtown,» skriv Springsteen sjølv. Til slutt oppdaga han gjennom Woody Guthrie også poesi som fanst før Dylan.Springsteen, Bruce: "Mine eigne læremeistrar." Essay i Dag og Tid, 21.desember 2012 s.28.

Sjå òg E Street Band Kjelder

Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske musikarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Folk frå New Jersey Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Juno-vinnarar Kategori:Brit Award-vinnarar