Aden (arabisk عدن ʻAdan) er eit guvernement i Jemen som har hamnebyen Aden som hovudby. I 2011 var folketalet nærare 750 000. Den gamle hovudstaden og hamnebyen Seera, låg her.
Aden var under britisk styre frå 1839 til 1967. I 1967, etter fleire år med strid, fekk Aden og dei sørlege guvernementa sjølvstendet sitt. Aden vart då hovudstaden i Sør-Jemen mellom 1967 og 1990. I 1990 vart Sør- og Nord-Jemen samla til dagens Jemen. Aden er i dag handelssenteret i Jemen.
Øygruppa Sokotra var ein del av guvernementet Aden, men det vart overført til Hadhramaut guvernement i 2004, og vart i 2013 sitt eige guvernement.
Distrikt Al Buraiqeh-distriktet Al Mansura-distriktet Al Mualla-distriktet Ash Shaikh Outhman-distriktet Attawahi-distriktet Crater-distriktet Dar Sad-distriktet Khur Maksar-distriktet
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aden Governorate» frå , den 29. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Aden guvernement Kategori:Aden