Jean-Sylvain Bailly () var ein fransk astronom, matematikar, frimurar og politisk leiar under den tidlege delen av den franske revolusjonen. Han tente som borgarmeister i Paris frå 1789 til 1791, og vart til slutt avretta i giljotinen under terrorveldet.

Som astronom var han kjent for sine arbeid om rørslene til Jupiter-månane og bøker om astronomihistorie, Histoire de l'Astronomie ancienne (1775), Histoire de l'Astronomie moderne (3 bd., 1778–93), Histoire de l'Astronomie indienne et orientale (1787).

Kjelder

Kategori:Vitskapsfolk frå Paris Kategori:Astronomar på 1700-talet Kategori:Franske astronomar Kategori:Franske frimurarar Kategori:Borgarmeistrar i Paris Kategori:Medlemmar av Académie des Inscriptions et Belles-Lettres Kategori:Medlemmar av Académie française Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Folk avretta ved giljotin under den franske revolusjonen