Derartu Tulu () er ein etiopisk tidlegare langdistanseløpar frå Bekoji i Oromiaregionen. Ho vann gullmedaljen på 10 000 meter både under OL 1992, OL 2000 og VM 2001, dessutan tok ho VM-sølv i 1995 og OL-bronse i 2004 på same distansen. Tulu sigra også i tre verdsmeisterskap i terrengløp.

Aktiv Tulu vekte merksemd fyrste gongen då ho i 1991 tok VM-sølv i terrengløp. Under friidretts-VM 1991 vart ho nummer åtte på 10 000 m. Året etter vann ho den same distansen under Sommar-OL 1992 i Barcelona, tre år etter fekk ho sølv på mila under VM 1995 i Göteborg. I 1995 vann ho elles det fyrste av tre VM-gull i terrengløp, dei hine kom i 1997 og 2000.

I 1997 deltok Tulu i Boston maraton og vart nummer fem. Under sommarleikane 2000 i Sydney vart ho olympisk meister på 10 000 meter på ny, og sette samstundes personleg rekord med tida 30.17,4. Ho stadfesta sitt ry som verdsleiande då ho i Edmonton i Canada vart verdsmeister 2001 på 10 000 meter. Den same sesongen sigra ho både i London maraton og i Tokyo maraton.

Under dei olympiske leikane 2004 i Aten måtte Tulu gje tapt mot kinesiske Xing Huina og si eiga kusine, Ejegayehu Dibaba, på 10 000 m og kom dermed på bronseplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1991 i Tokyo: Nr 5 på 3000 m – 9.01,0, nr 8 på 10 000 m – 32.16,5 OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje på 10 000 m – 31.06,0, framom Elana Mayer (31.11,7) VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje på 10 000 m – 31.08,1, bakom Fernanda Ribeiro (31.04,9) OL 1996 i Atlanta: Nr 4 på 10 000 m – 31.10,4 VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa på 10 000 m – 33.25,9 OL 2000 i Sydney: Gullmedalje på 10 000 m – 30.17,4, framom Gete Wami (30.22,4) VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje på 10 000 m – 31.48,81, framom Berhane Adere (31.48,85) OL 2004 i Aten: Bronsemedalje på10 000 m – 30.26,4 VM 2005 i Helsinki: Nr 4 i maraton – 2.23.30

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Derartu Tulu» frå , den 13. august 2016.

World Athletics

Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Etiopia Kategori:Afrikameistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Etiopia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Etiopia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004