mini|Ilona Slupianek i 1977 Ilona Slupianek, fødd Ilona Schoknecht, () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Demmin som representerte Aust-Tyskland i kulestøyt. Ho vart europameister i 1978 og 1982, og vann i mellomtida gullmedaljen i øvinga under OL 1980 i Moskva. Hennar personbeste, 22,45 meter, var verdsrekord 1980-84.
Aktiv Doping Ilona Schoknecht vann kulestøyt i junior-EM 1973. Ho vart så nummer fem i Sommar-OL 1976, før ho i 1977 vann kuletevlinga under Europacupen for landslag i Helsinki. Her vart ho teken for bruk av det forbodne stoffet nandrolon og utestengd i eitt år frå friidrettsbana.
Verdseinar Utestenginga tok slutt to dagar før kulestøyt stod på programmet ved friidretts-EM 1978 i Praha. Ilona Slupianek sette då meisterskapsrekord med 21,41 m og vart suveren europameister framom tsjekkoslovakiske Helena Fibingerová, og med hennar eiga landskvinne Margitta Droese på bronseplass.
Den 11. mai 1980 sette Slupianek ny verdsrekord i kulestøyt med 22,45 meter under eit stemne i Potsdam, ein rekord som stod i fire år, til dess Natalja Lisovskaja forbetra den. Framleis i 2016 er Slupianek nummer to på verdstatistikken i kulestøyt for kvinner. Under dei olympiske leikane 1980 i Moskva støytte Slupianek heile 22,41 m og vart olympisk meister, ho nådde nesten ein meter lengre enn toaren, Svetlana Kratjevskaja frå Sovjetunionen.
Ved EM 1982 i Aten forsvarte Slupianek EM-tittelen, som i forrige EM med Helena Fibingerová på andreplass. Året etter enda ho på bronseplass, etter nettopp Fibingerová og si eiga landskvinne, Helma Knorscheidt.
Etter som Aust-Tyskland boikotta Sommar-OL 1984 i Los Angeles, deltok ho ikkje i leikane. Ho gifta seg med kulestøytaren Hartmut Briesenick og vart mor til to born. Sommaren 1988 prøvde ho fånyttes å kvalifisere seg til Sommar-OL 1988 i Seoul.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1976 i Montreal: Nr 5 – 20,54 m EM 1978 i Praha: Gullmedalje 21,41 m, framom Helena Fibingerová (20,86 m) OL 1980 i Moskva: Gullmedalje 22,41 m, framom Svetlana Kratsjevskaja (21,42 m) EM 1982 i Aten: Gullmedalje 21,59 m, framom Helena Fibingerová (20,94 m) VM 1983 i Helsinki: Bronsemedalje 20,56 m, framom Nunu Abasjidze (20,55 m)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ilona Slupianek» frå , den 18. august 2016.
World Athletics
Kategori:Austtyske idrettsutøvarar Kategori:Tyske kulestøytarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Dopingsaker i friidrett