Brave New World er det tolvte studioalbumet av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut den 29. mai 2000. Det var det første studioalbumet deira etter at den langvarige songaren Bruce Dickinson (som slutta i 1993) og gitaristen Adrian Smith (som slutta i 1990) kom attende til bandet i 1999, og den første studioplata deira som seksmannsband, sidan Janick Gers, som erstatta Smith i 1990, vart verande i bandet.
Plateomslaget og tittelsongen er referansar til romanen med same namn, skriven av Aldous Huxley. Den øvre delen av omslaget vart skapt av Derek Riggs, medan den nedre halvdelen vart laga av den digitale kunstnaren Steve Stone.
Songane «The Wicker Man» og «Out of the Silent Planet» vart begge gjevne ut på singlar. Radioutgåva av «The Wicker Man» hadde ekstra vokal i refrenget, som ikkje finst på andre versjonar av songen.
Brave New World Tour var turneen etter albumet, der konserten på Rock in Rio vart filma og sidan gjeven ut som eit konsertalbum og video.
Brave New World nådde sjuandeplassen på UK Albums Chart, og har sidan selt til gullplate. I USA debuterte albumet på 39. plassen på Billboard 200, og registrerte over 307 000 selde plater i Nielsen SoundScan-systemet i 2008.
Songar Dei felste av songane vart skrivne før The Ed Hunter Tour og seinare spelte inn i Guillaume Tell Studios i Paris. Det var det første albumet bandet spelte inn med produsenten Kevin Shirley, og det første dei spelte inn live i studio.
I følgje eit intervju med Adrian Smith var «The Nomad», «Dream of Mirrors» og «The Mercenary» opphavleg skrivne for Virtual XI i 1998 og den tidlegare vokalisten Blaze Bayley skreiv noko tekst for «Dream of Mirrors», men er ikkje tilskriven for dette. I følgje Steve Harris byrja arbeidet med «Blood Brothers» òg i denne perioden, men han vart ikkje ferdig på den tida.
«Brave New World» var den einaste songen på plata som vart spelt på Dance of Death World Tour, den neste turneen deira. Ingen av songane frå albumet vart spelt på A Matter of Life and Death Tour, men fleire vart spelte på The Final Frontier World Tour, medan «The Wicker Man», «Ghost of the Navigator», tittelsporet og «Blood Brothers» vart spelt på konsertane i 2010.
Songen «Blood Brothers», skriven av Steve Harris for den avdøde faren, vart dedisert til Ronnie James Dio på konsertane deira i 2010, etter at han døydde den 16. mai. Under konsertane i Australia i 2011 vart «Blood Brothers» dedisert til offera og venene og familien til bandmedlemar og publikum som vart råka av jordskjelvet i Christchurch i 2011 den 22. februar. Sidan vart songen òg dedisert til offera etter jordskjelvet og tsunamien i Tōhoku i 2011, og opprøra i Egypt og Libya og til slutt offera etter terroråtaka 22. juli 2011 i Noreg. Ei konsertversjon av songen frå En Vivo! i 2012 vart nominert til Grammy-prisen for beste hardrock/metal-song den 6. desember 2012.
Mottaking
Albumet fekk generelt god kritikk. Kritikarane var spesielt nøgd med at Bruce Dickinson og Adrian Smith var attende og samanlikna bandet med dei to tidlegare platene med Blaze Bayley på vokal. Kerrang! skildra det som «verkeleg tårnhøgt. Majestetisk. Bombastisk. Gigantisk. Så fantastisk rett-i-trynet at du nesten kan kjenne den varme pusten opp i nasa di.» Sputnikmusic skildra det som «eit av dei beste albuma til bandet, i lag med album som Powerslave, Somewhere in Time og Piece of Mind» og «definitivt det enklaste albumet å like sidan glansdagane til bandet.» Classic Rock sa at «det tar kanskje ikkje så mange steg framover,» og «klarar verkeleg å rygge attende til glansperioden til Iron Maiden.»
AllMusic var noko meir kritisk mot albumet og skildra det som «ikkje noko Number of the Beast,» men sa vidare at «til å vere eit comebackalbum, er det unekteleg glimrande,» og gav albumet ein positiv karakter.
NME var særs negativ mot albumet og hevda at måten bandet i tidlegare år «avviste verda utafor, noko som heldt dei trygg alle dei åra, no får dei til å verke noko umoderne.» Magasinet samanlikna dei òg med meir samtidige artistar som Korn og Slipknot og følte at Iron Maiden «ikkje lenger er øvsteprestane av svartekunsten, og verkar å vere nesten uskuldige i samanlikning.» Blabbermouth.net var òg negative og skreiv at bandet høyrdest «trøytte og uinspirerte» ut og avslutta med at «[Brave New World] kjem ikkje til å setje eit varig merke på det noverande metal-miljøet.»
Innhald
Medverkande Henta frå plateomslaget Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal Dave Murray – gitar Adrian Smith – gitar Janick Gers – gitar Steve Harris – bass, klaverinstrument, medprodusent Nicko McBrain – trommer Additional personnel Kevin Shirley – produsent, Audio lydteknikar, miksing Denis Caribaux – andre lydteknikar Nicolas Meyer – assisterande lydteknikarhttp://www.linkedin.com/pub/nicolas-meyer/21/b97/3b0 Rory Romano – assisterande lydteknikar Jeff Bova – orkestrering på «Blood Brothers» og «The Nomad» George Marino – mastering Derek Riggs – illustrasjon på omslaget Steve Stone – illustrasjon på omslaget Peacock – design av plateomslag, designkonsept Dean Karr – fotografi Rod Smallwood – management Andy Taylor – management Merck Mercuriadis – management
Lister
Album LandListe (2000)Plassering AustraliaARIA Charts33 AusterrikeÖ3 Austerrike Topp 4010 Belgia (Flandern)Ultratop12 Belgia (Vallonia)29 FinlandDen finske albumlista2 TysklandMedia Control Charts3 ItaliaFIMI3 JapanOricon13 NederlandMegaCharts16 NoregVG-lista4 SverigeSverigetopplistan1 SveitsHitparade9 StorbritanniaOffisiell albumliste7 USAUS Billboard 20039LandListe (2010)Plassering HellasIFPI Hellas72
Singlar SingleListe (2000)Plassering«The Wicker Man»Canadian Singles Chart4Den nederlandske singellista45Den finske singellista11Den franske singellista39Den tyske singellista38Den italienske singellista4VG-lista i Noreg9Sverigetopplistan5Den sveitisiske singellista83UK Singles Chart9«Out of the Silent Planet»Den nederlandske singellista87Den finske singellista13Den franske singellista72Den tyske singellista66Den italienske singellista10Den svenske singellista35UK Singles Chart20
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brave New World (Iron Maiden album)» frå , den 2. september 2016.
Kategori:Musikkalbum frå 2000 Kategori:Iron Maiden-album Kategori:Album produserte av Kevin Shirley Kategori:EMI Records-album Kategori:Engelskspråklege album