«El Dorado» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden frå albumet The Final Frontier frå 2010. Songen vart den 41. singelen til bandet og den einaste frå albumet. Songen vart gjort tilgjengeleg for gratis nedlasting via den offisielle nettsida til bandet 8. juni 2010, ein dag før turneen for albumet byrja. Singelomslaget vart laga av Anthony Dry og er basert på omslag av EC Comics, publiserte av William Gaines, som var populære i 1950-åra. Om den tidlege utgjevinga sa vokalisten Bruce Dickinson «El Dorado er ei førehandsvising av det komande albumet vårt. Me skal spele han på den komande turneen, så me tenkte å takke fansen vår med å få dei i The Final Frontier-stemning og gje dei ein song før turneen byrja og albumet kjem ut.»
Dickinson forklarte at teksten er ein kynisk kritikk av finanskrisa i 2007-2008 og samanlikna bankfolka som var ansvarlege med folka som selde myta om El Dorado.
«El Dorado» vann Grammyprisen for beste metal-song i 2011. Det var første gongen bandet vann etter å ha vore nominert to gonger tidlegare.
Gitarsoloen i songen vert spelt av alle dei tre gitaristane i bandet, Adrian Smith (3:42-3:53), Dave Murray (3:53-4:06) og Janick Gers (4:06-4:23).
Medverkande Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal Dave Murray – gitar Adrian Smith – gitar Janick Gers – gitar Steve Harris – bassgitar, medprodusent Nicko McBrain – trommer Produksjon Kevin Shirley – produsent, miksing Jared Kvitka – lydteknikar Anthony Dry – illustrasjon Peacock – kunstnarisk leiar, design
Kjelder Denne artikkelen bygger på «El Dorado (Iron Maiden song)» frå , den 5. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Songar frå 2010 Kategori:Singlar frå 2010 Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Songar skrivne av Adrian Smith Kategori:Songar skrivne av Steve Harris Kategori:Songar skrivne av Bruce Dickinson Kategori:Songar produserte av Kevin Shirley Kategori:EMI Records-singlar