Diane von Fürstenberg () er ein belgisk-amerikansk motedesignar som særleg er kjend for si utforming av omslagskjolen. Motselskapet hennar Diane von Furstenberg (DVF) er eit verdsomspennande luksusmerke som er representert i over 70 land.Jess Cartner-Morley, Diane von Furstenberg: "I danced at Studio 54. Now I work with Google", theguardian.com, July 1, 2014. Det har hovudkvarter og flaggskipbutikk i Meatpacking District på Manhattan.

Sidan 2006 har von Fürstenberg vore president for Council of Fashion Designers of America (CFDA). I 2014 blei ho rekna som den 68. mektigaste kvinna i verda av Forbes. Time Magazine rekna henne som eit Icon i si liste Time 100 i 2015.

Bakgrunn Von Fürstenberg blei fødd i Brussel som Diane Simone Michelle Halfin i ein velståande jødisk familie. Far hennar var rumensk-fødde Leon (Lipa) Halfin, som hadde flytta til Belgia frå Chișinău i 1929. Mor hennar var gresk-fødde Liliane Nahmias, ein Holocaust-overlevande som hadde vore i Auschwitz.

Etter å ha studert ved Universitetet i Madrid studerte von Fürstenberg økonomi ved Universitetet i Genève. Ho arbeidde ei tid som assistent til motefotograf-agenten Albert Koski i Paris. Deretter blei ho lærling i tekstilfabrikken til Angelo Ferretti i Italia.

Ekteskap og karriere I 1969 gifta Diane seg med prins Egon von Fürstenberg, som også hadde studert i Genève, og fekk den tyske adelstittelen prinsesse von Fürstenberg. Paret slo seg ned i New York og fekk to barn, Alexander og Tatiana.Wohlfert-Wihlborg, Lee The Original Von Furstenberg, Egon, Wakes Up to His Own Potential, People, December 21, 1981 Vol. 16 No. 25; http://www.people.com/people/archive/article/0,,20081006,00.html Paret skilde lag i 1973, men Diane fortsette å bruka namnet von Fürstenberg eller Furstenberg.

Kort tid etter at sonen blei fødd opna von Fürstenberg ei kledeverksemd. I 1974 deltok ho på ei motevising under New York Fashion Week der ho lanserte ein omslagskjole i jerseystoff. Designet tok verda med storm, og blei seld i over ein million eksemplar i løpet av dei neste to åra. Fürstenberg blei avbilda i kjolen på framsida av Newsweek i 1976, og plagget blei kjøpt inn av Metropolitan Museum of Art. Ho lanserte også eit kosmetikkmerke der den første parfymen fekk namn etter dotter hennar, Tatiana. Etter ein pause frå moteverda relanserte Diane von Fürstenberg selskapet og den kjende kjolen i 1997.

Diane von Fürstenberg gifta seg opp att med forretningsmannen Barry Diller i 2001. Paret driv den filantropiske stiftinga The Diller – von Furstenberg Family Foundation. Stiftinga deler mellom anna ut DVF Awards, ein årleg pris til kvinner som representer leiarskap, styrke eller mot i høve til kvinnerettar. I 2011 tildelte stiftinga 20 millionar dollar til High Line-parken.

Von Fürstenberg sit også i styret til Vital Voices, ein organisjon for kvinneleg leiarskap, og tok del i prosjektstyret til NYCEDC som tok for seg framtida til moteindustrien i New York for borgarmeister Michael Bloomberg. I 2016 designa von Fürstenberg t-skjorter for presidentvalkampen til Hillary Clinton.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Diane von Fürstenberg» frå , den 8. september 2016.

Kategori:USA-amerikanske forretningsfolk Kategori:USA-amerikanske motefolk Kategori:USA-amerikanske designarar Kategori:Belgisk-amerikanarar Kategori:Belgiske jødar Kategori:USA-amerikanske jødar