Vejle kommune er ein dansk kommune på Jylland i Region Syddanmark. Kommunen vart skipa i samband med kommunereforma i 2007 og er ei samanslåing av Børkop kommune, delar av Egtved kommune, Give kommune, Jelling kommune og tidlegare Vejle kommune.
Kommunen har 121 696 innbyggjarar (2024) og administrasjonsenteret ligg i Vejle. I kommunen ligg mellom anna Jellingsteinane.
Borgarmeistrar Jens Ejner Christensen (V) 2017– Arne Sigtenbjerggaard (V) 2010–2017 Leif Skov (S) 2007–2009
Kjelder
Kategori:Kommunar i Region Syddanmark