Maria de Montserrat Viviana Concepción Caballé i Folch (), betre kjent som Montserrat Caballé, var ein katalansk spansk sopran. Ho vart fødd i Barcelona, og er mellom anna kjent for tolkingane sine av Rossini, Bellini og Donizetti. For det store publikummet er ho mest forbunde med songen «Barcelona», som ho framførte saman med Freddie Mercury under sommar-OL 1992.
Caballé utdanna seg ved Liceukonservatoriet i Barcelona og i Milano. Ho debuterte i 1956 som Mimì i La Bohème av Puccini på Baseloperaen i Sveits. Deretter song ho i Bremen i Tyskland, og fekk merksemd i 1965 som grevinna i Figaros bryllup av Mozart i Glyndebourne i England og som feltmarskalkinna i Rosenkavaleren av Richard Strauss. Same året debuterte ho på Metropolitan Opera i New York i USA, og framførte der sjeldan oppførte operaer av Bellini og Donizetti.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Montserrat Caballé» frå , den 12. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
www.weberclaudia.de - Nettstad om Montserrat Caballé på tysk www.unbeldi.com - Nettstad om Montserrat Caballé på engelsk
Kategori:Spanske operasongarar Kategori:Katalanske operasongarar Kategori:Sopranar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Latin Grammy-vinnarar Kategori:Elevar ved Conservatori Superior de Música del Liceu Kategori:Folk frå Barcelona Kategori:Folk dømde for svindel