Melodi Grand Prix 2004 var den 42. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Tolv finalistar deltok i finalen 6. mars 2004 som blei arrangert i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «High», framført av Knut Anders Sørum. Songen er komponert av Thomas Thörnholm og Lars Andersson, med tekst av Dan Attlerud. Sørum representerte Noreg i den internasjonale finalen i Istanbul og kom på 24. og siste plass med 3 poeng. Dette var Noregs tiande sisteplass i Eurovision Song Contest.
Sendinga Også dette året opna NRK for at utanlandske låtskrivarar kunne levere bidrag i den opne konkurransen, noko som førte til at utlendingar stod heilt eller delvis bak halvparten av finalelåtane. Til saman kom det inn 530 låtar til tevlinga, og tolv av dei blei plukka ut til finalen laurdag 6. mars.Bakkemoen, Kurt (12. januar 2004). «I finaleheatet for Grand Prix». VG Nett.
Finalen gjekk nok ein gong av stabelen i Oslo Spektrum, og Ivar Dyrhaug var programleiar for første gong sidan 1983. Deltakarlåtane blei presenterte veka før finalen, og sjåarane kunne SMS-røyste på favorittane sine heile veka før finalen.
Dei fleste deltakarane var ukjende for dei fleste sjåarane, med Arlene Wilkes og Idol-deltakar Rebecca Ludvigsen som unntak.
Også dette året blei resultatet avgjort fullt ut av sjåarane sine telefon- og SMS-røyster. Først blei dei tolv finalemelodiane spelte ein gong, før publikum fekk røyste. Etter ein halvtimes sendepause begynte del to med røystinga for første runde. Dei fire best plasserte songane gjekk vidare til superfinalen, og publikum fekk røyste om att. I den andre røysterunden talde kvar telefonrøyst eitt poeng, og til slutt vann balladen «High» med over 26 000 røyster meir enn «This Is Where You Got It From». Dette var første gang utlendingar stod bak vinnaren av Melodi Grand Prix, for «High» var skriven av tre svenskar.
Resultat
Første runde Nr. Tittel Artist KomponistTekstforfattar Poeng Plass A «I Don't Understand Her» Aslak J. Johnsen Aslak J. Johnsen, Benjamin Sletten og Anders Bjørknes 19 7 B «The Way I Feel» Maria Moe Kyrre Fritzner og Maria MoeMaria Moe 10 10 C «Crazy Things» Wig Wam Wig Wam 34 4 D «Mr. Brown» Ja-Da Ivan Jonas og Maxim Popov 31 5 E «1000 And One Nights» Rebecca Ludvigsen David Clewett, Yak Bondy og Ivar Lisinski 41 3 F «Crying» Christian Hovda Arne Hovda og Per Kristian Ottestad 0 11 G «What Do You Think I Am» Dilsa Kim Bergseth, Dilsa CalimiTristan De la Villier og Dilsa Calimi 16 8 H «See the World» Svein Lindland Dag Lauvland 30 6 I «Sunshine» Malin Schavenius Michael Lundh, Quint Starkie og Anna Sahlin 0 11 J «High» Knut Anders Sørum Thomas Thörnholm og Lars AnderssonDan Attlerud 50 1 K «I Knock on Wood» Lisa Marie Strandengen Glenn Gulli og Åsmund RuudÅsmund Ruud 11 9 L «This Is Where You Got It From» Arlene Wilkes Torbjörn Wassenius og Claes Andreasson 48 2
Superfinale Nr. Tittel Artist KomponistTekstforfattar Stemmer Plass C «Crazy Things» Wig Wam Wig Wam48 9203 E «1000 And One Nights» Rebecca Ludvigsen David Clewett, Yak Bondy og Ivar Lisinski46 675 4 J «High» Knut Anders Sørum Thomas Thörnholm og Lars AnderssonDan Attlerud82 427 1 L «This Is Where You Got It From» Arlene Wilkes Torbjörn Wassenius og Claes Andreasson56 281 2
Røysting I første røysterunde gav kvar landsdel 1–8, 10 og 12 poeng ut frå kor mange telefon- og SMS-røyster dei ulike bidraga fekk. Dei fire beste bidraga gjekk vidare til superfinalen. Nr.Tittel Nord-Noreg Sør-Noreg Vest-Noreg Midt-Noreg Aust-Noreg Totalt A«I Don't Understand Her»5445119B«The Way I Feel»2213210C«Crazy Things»6677834D«Mr. Brown»12556331E«1000 And One Nights»77812741F«Crying»0G«What Do You Think I Am»3331616H«See the World»41264430I «Sunshine»0J «High»1081281250K «I Knock on Wood»1122511L «This Is Where You Got It From»81010101048
Superfinalen Dei fire beste låtane frå første runde gjekk vidare til superfinalen. Her blei låtane framførte om att, og tv-sjåarane røysta på nytt. No talde kvar røyst eitt poeng. Poenga i tabellen under motsvarar altså mottatte telefon- og SMS-røyster. Nr.TittelNord-NoregVest-NoregSør-NoregMidt-NoregAust-NoregTotalt C«Crazy Things»5 4988 0437 8676 45221 06048 920 E«1000 And One Nights»5 0739 6547 2088 30916 43146 675 J«High»7 29513 27311 9148 08041 86582 427 L«This Is Where You Got It From»4 7019 1378 3495 69128 40356 281
Hendingar Finalen blei sett av 1 228 000 sjåarar, noko som motsvarar 75 prosent av alle som såg på tv i det aktuelle tidsrommet sendinga gjekk.«Grand Prix vant seerne». TV2.no. 8. mars 2004.
Det norske bidraget kom sist i Eurovision Song Contest og fekk berre 3 poeng – alle frå Sverige. Sisteplassen gjorde at Noreg måtte gjennom ein semifinale i den internasjonale finalen året etter.
Fotnotar
Kategori:Melodi Grand Prix Kategori:Hendingar i 2004 Kategori:2004 i Noreg