Millie Kirkham () var ein USA-amerikansk songar som song på mange hitinnspelingar frå midten av 1950-åra til ut i 1980-åra.

Biografi

Kirkham var kjend som «Nashville-sopranen» på mange hitsongar og vart ofte rekna som eit femte medlem av The Jordanaires. Ho arbeidde med Patsy Cline, Roy Orbison, Brenda Lee, Eddie Arnold, Elvis Presley og George Jones («He Stopped Loving Her Today»).

Kirkham vart først kjend i 1957 på Ferlin Husky- hitten «Gone», der ho song harmonivokal. Elvis Presley ønskte etter dette å ha ho med på innspelingane sine, og ho deltok på Elvis Presley sin versjon av «Blue Christmas». For Presley song ho på innspelingar som «My Wish Came True», «The Wonder Of You», «Surrender», «How Great Thou Art», «Polk Salad Annie», «Bridge Over Troubled Water», «Don't», «Just Pretend», «(You're The) Devil in Disguise», «C.C. Rider» og mange andre.

I februar 2008 stod ho på scenen i «Nashville celebrates Elvis at the Ryman» i lag med George Klein (Emcee), Pat Boone, David Briggs, Vince Gill, Amy Grant, Wanda Jackson, Wynonna Judd, Ray Walker frå Jordanaires, Ronnie McDowell, TG Sheppard, BJ Thomas og tidlegare medlemmar frå J.D. Sumner & the Stamps.

Delvis diskografi År Song Artist 1956 Gone Ferlin Husky 1957 Blue Christmas Elvis Presley1957My Wish Came TrueElvis Presley 1958 Anna Marie Jim Reeves 1960 I'm Sorry Brenda Lee 1960 Poetry In Motion Johnny Tillotson 1962 Back In Baby's Arms Patsy Cline 1963 Pretty Woman Roy Orbison1969Running BearSonny James 1980 He Stopped Loving Her Today George Jones

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Millie Kirkham» frå , den 3. november 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikarar frå Nashville Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:USA-amerikanske sopranar