Rolf Falk-Larssen () er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Trondheim. Han vart verdsmeister på skeiser i 1983 og vann fem norske meisterskap i tida 1982-88. Falk-Larssen var medlem av Trondhjems Skøiteklub.

Falk-Larssen slo gjennom i 1982-sesongen med andreplass under EM i Oslo, fattige 0,021 poeng bakom europameister Tomas Gustafson frå Sverige. Fire veker seinare kom han på tredjeplassen i firkamp-VM i Assen, før han i mars månad på Oppdal vann den fyrste av fire strake NM-titlar i firkamp.

Helga 12. og 13. februar 1983 gjekk Falk-Larssen heilt til topps under VM i firkamp på Bislett stadion. Etter å ha vunne dei tre fyrste distansane hadde han sikra seg VM-tittelen. Han fullførte meisterskapen med ein svak 10 000 meter, og opplevde som hittil einaste norske skeise-verdsmeister å verte bua ut for innsatsen. I 1984 vart han for andre og siste gong nummer to i EM på skeiser, og som to år tidlegare var Hilbert van der Duim hans overmann.

Falk-Larssen heldt fram på det norske landslaget til 1988, utan han nådde opp i internasjonale tevlingar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rolf Falk-Larssen» frå , den 5. november 2016.

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Kongepokalvinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Folk frå Trondheim