Moose Milk er ein canadisk cocktail med røter i den tradisjonelle nyårsfeiringa Levée og det canadiske forsvaret.

Både den canadiske hæren, marinen og luftforsvaret gjer krav på å ha funne opp drikken. Omgrepet kan førast tilbake til det franske kolonistyret, då importert vin, som gjerne var blitt dårleg under reisa, blei blanda med sterkare alkohol og krydder og varma. Drikken blei servert som Le Sang du Caribou, 'elgeblod', eller Moose Blood på engelsk.

Då britane tok over kolonien blei hovudingrediensen i den blanda drikken whisky, som var betre å transportera. Ein cocktail kalla Moose Milk eller 'elgmjølk' blei laga av dette blanda med geitemjølk, muskat og kanel. I dag kan Moose Milk lagast med whisky eller rom, ulike mjølkeprodukt, iskrem eller eggelikør. Feiringar der ein server Moose Milk i den canadiske marinen blir kalla Moosers.

Ingrediensar Moose Milk har fem ulike ingredienstypar: Brennevin: Typisk ei blanding av canadisk whisky, vodka eller mørk rom Kaffidrikk: Kahlúa eller tillaga kaffi Mjølkeproduk: Ei blanding av heilmjølk, fløyte, kondensert mjølk, eggelikør eller vaniljeis Søtsmak: Lønnesirup eller sukker Krydder: Muskat og tidvis kanel

Ein kan også bruka eggeplommer direkte i drinken, men dei kan også tilsetjast indirekte gjennom eggelikør eller iskrem.

Sjå òg Caribou: Ei blanding av raudvin, lønnesirup og canadisk whisky

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Moose Milk (cocktail)» frå , den 10. november 2016.

Bakgrunnsstoff Canadian Army forum describing recipes for moose milk and others

Kategori:Cocktailar Kategori:Kanadisk drikke Kategori:Kanadiske alkoholdrikkar Kategori:Kanadisk kultur