mini|Brahuifolk i samband med eit møte ved Universitetet i Balutsjistan der eit språkråd for brahui blei skipa. Brahuifolk (brahui براہوئی, brahui eller brahvi) er ei folkegruppe frå Pakistan som tel rundt 2,2 millionar menneske. Dei fleste av dei bur i Balutsjistan. Det finst også ei lita gruppe brahuifolk som er innfødd i Afghanistan. I tillegg bur mange i utlegd, særleg i land i Midtausten. Brahuifolk snakkar brahui, eit dravidisk språk som ikkje er i slekt med språka i nærområdet, men med språk tala i Sør-India og på Sri Lanka.
Dei viktigaste brahuiområda i Balutsjistan ligg mellom Bolanpasset, via Bolanåsane, til Ras Muari ved Arabiahavet. Dei er i all hovudsak sunnimuslimar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brahui people» frå , den 8. februar 2017.
Kategori:Folkegrupper i Pakistan