Alex Harvey () er ein kanadisk langrennar frå staten Québec, som vart verdsmeister i lagsprint i 2011 og på 50 km i 2017. Han har dessutan sikra seg eitt VM-sølv og to VM-bronsar i same tidsrommet.

Harvey vann VM-gull på lagsprinten saman med Devon Kershaw under Ski-VM 2011 i Holmenkollen etter å ha spurta forbi norske Ola Vigen Hattestad på oppløpet. Individuelt kom han på femteplassen på femmila i same meisterskapen. To år seinare kneip Harvey bronsemedaljen i sprinttevlinga då Ski-VM 2013 fann stad i Val di Fiemme i Italia. Ved Ski-VM 2015 i Falun kleiv han eitt steg opp på sigerspallen i den same øvinga, einast nordmannen Petter Northug heldt han bak seg. To dagar etterpå tok Harvey bronsemedaljen på 30-kilometeren.

Under Ski-VM 2017 i Lahti vart Harvey femtemann på tremila. Vel ei veke seinare gjorde han sitt livs løp og tok sitt fyrste individuelle meisterskapsgull, etter å ha vunne spurten i ein rekordsnøgg 50 km i fristil.

Også faren Pierre Harvey var ein internasjonal toppløpar i langrenn.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alex Havrey» frå , den 8. mars 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Canadiske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2017 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2019