Ingvald Severin Johannessen Førre () var ein norsk avisredaktør, offentleg tenestemann og politikar frå Haugesund. Han vart vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet ved tre stortingsval i mellomkrigstida, men melde seg ut av partiet midtvegs i den tredje tingperioden.

Førre var son til ein sjømann. Han var trykkarlærling i heimbyen, og i Florø og Kristiania. Frå 1906 til 1912 var han redaktør i Haugesunds Arbeiderblad, og arbeidde deretter i andre avistiltak, mellom anna redigerte han avisa Demokraten i juni 1913. Han heldt fram i yrket som redaktør av Hønefos og Oplands Socialdemokrat 1913-14. I 1914 reiste han attende til Haugesund og starta opp eit trykkeri.

Frå 1919 var Førre tilsett som sjef av sosialetaten i Haugesund kommune, deretter var han i 1923-24 sjef for skatteetaten. I åra frå 1924 til august 1946 var han underfut i kommunen. Samstundes var han i tida 1930-41 også leiar av Noregs Bank si avdeling i Haugesund.

Førre var medlem av Haugesund bystyre 1910-13 og på ny 1919-22. Frå 1925 var fast representant i bystyret fram til andre verdskrigen. Han var varaordførar i 1927 og 1936, medan han i 1937-38 var ordførar.

Førre vart vald til inn på Stortinget frå byane i Vest-Agder og Rogaland ved tre val; 1927, 1933 og 1936. Perioden 1931-33 var han vararepresentant til Stortinget. På Tinget var han 1928-30 medlem i Næringskomite nr 1, sidan var han frå 1934 medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. I siste halvdelen av 1930-åra gjekk han mot at Arbeidarpartiet skulle endre forsvarspolitikken bort frå ei pasifistisk retning. Han braut med partiet i 1938 og var sidan uavhengig stortingsrepresentant. Med boka Åndskampens vei til det klasseløse fredssamfund gjorde han greie for brotet. I 1940 ytra Førre seg negativt om Elverumsfullmakta.

Etter andre verdskrigen gjekk statsadvokaten i Rogaland inn for å tiltale Førre for landssvik, då han meinte Førre skulle ha bøygd av for den tyske okkupasjonsmakta i 1940. Riksadvokaten vedtok å la vere å tiltale Førre, men irettesette han munnleg for «utilfredstillende nasjonal holdning».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ingvald Førre» frå , den 13. mars 2017.

Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Vest-Agder og Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Haugesund Kategori:Ap-ordførarar i Rogaland Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Folk frå Haugesund