Einar Schawland Gram () var ein norsk kjøpmann og bankmann frå Trondheim som representerte valkrinsen Trondheim og Levanger på Stortinget ved fleire sesjonar i tida 1859-73.

Gram var son til ein kjøpmann, og styrte frå 1843 faren si forretning i Trondheim. Frå 1852 dreiv han eiga handelsforretning i heimbyen. Han deltok i lang tid i særleg lokale, men også nasjonale, avgjerande posisjonar, så som i bystyret, i sparebanken, i representantskapen og seinare styret til Noregs Bank.

Gram møtte på stortinga 1859-60, 1862-63, 1868-69 og 1873, samt på Omframtstortinget 1864. Han var også vald til Stortinget 1865-66, men møtte ikkje. Til Stortinget 1871-73 var han opphavleg andre varamann, men møtte heile 1873-sesjonen for sjukmelde Michael Getz. Gram var medlem 1859-60 i Tollkomiteen, 1862-63 i Bankkomiteen og 1864 i Lagtinget. I 1868-69 var han formann i Bankkomiteen, og 1873 var han medlem i same komiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Folk frå Trondheim