Anne Marit Bjørnflaten () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var stortingsrepresentant frå Troms fylke frå 2005 til 2013.

Bjørnflaten gav i 2004 ut boka Et nytt nei, saman med partifellane Tore O. Sandvik, Jo Stein Moen og Wegard Harsvik. Boka handlar om utviklinga til EU sidan folkeavstemminga i 1994.

Ho vart vald inn på Stortinget frå Troms fylke i 2005, og vart då vald til leiar for Stortingets justiskomité. I perioden 2009-13 var Bjørnflaten nestleiar i transport- og kommunikasjonskomitéen, og leiar for den raudgrøne storfraksjonen i denne komitéen.

I 2022 vart ho utnemnd til statssekretær for næringsminister Jan Christian Vestre i Støre-regjeringa.

Regjering 29. mars 2000–19. oktober 2001: Politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet 30. september 2022: Statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet

Stortingskomitéar 2005–2009: Leiar i Justiskomiteen 2009–2013: Første nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomitéen

Kjelder

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi Et nytt nei

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Folk frå Harstad